Tørvis Hotell - draumen om Marifjøra

Tørvis Hotell har røter attende til 1639 i det som var eit handelssentrum i regionen - Marifjøra. Resepsjonshuset er frå om lag 1750 og tek i mot deg med sitt kraftig trepanel når du kjem inn døra. Lengre inne i hotellet har me restauranten vår, der me dyrkar dei enkle, gode smakane i dei flotte råvarene som Sogn har å by på.

Rett over vegen for hotellet ligg eit kvitt bygg med utskjeringar over vindauga som mellom anna har historie som smørlager og kolonial og som no huser Kafé Marifjøra. Kaféen er innreia med småbord og har historiske detaljar frå nærmiljøet. Her kan både hotellet sine gjester og dei lokale nyta ein matbit eller ein kopp nytrakta kaffi.

 

Hotellet er i dag eigd av Ola Moe og driftast som ein del av hotellgruppa Pure Hotels.